Endeleg er Hareid Fjordsauna klar for å ta i mot bestillingar

Bent Arild Grytten, 3. July 2024


Hareid hamn Gjestebrygge har allereie vore i drift nokre veker.  Anlegget fungerer tipp topp og tilbakemeldingane har vore gode.  Mange har også kontakta oss for å få vite når den flotte havsaunaen er klar til bruk.  Og no er den klar.

Fredag 5. juli vert første dagen saunaen kjem i ordinær drift.  Vi håpar at den vil bli eit populært tilbod og har som målsetting at dette skal bli eit produkt i den høgaste kvalitetsklassen.  I starten vil fasilitetane bli inspiserte og reingjort to gongar om dagen, kvar dag heile veka.  Så snart vi har samla erfaring med bruksmønsteret vil vi dimensjonere servicenivået deretter.  Då vil alle besøkande kome til ein nyvaska og hygienisk sauna.

Vi håpar sjølvsagt du vil følgje ordensreglane for din eigen tryggleik og omsyn til dei som kjem etter deg.  Ordensreglane kan du finne på oppslag inne i saunaområdet og på nettsida  hareidhamn.no 

Sistnemnte er førebels berre på engelsk, men norsk versjon kjem snart.

Gratis parkering finn du på parkeringsplassen nedanfor Melshorn hotell.  Eller du kan parkere på offentlege avgiftsbelagte parkeringsplassar elles i sentrum.  Merk at visse område er reservert for langtidsparkering.

Velkommen!



Tilbake