Historisk oppsumering

Når ein les historia om Rommetveit Båtlag så vert ein merksam på at det ikkje er sjølvsagt at me har ei så flott båthamn som me i dag har. Mange har over lang tid arbeid hardt og tolmodig for å finne eit område som høver og ikkje minst er mogleg å få byggja ut.
Allereie 9. mai 1968 vart RBL skipa med intensjon om å byggja molo frå Øklandsneset mot Klingenbergkaien, seinare vart fleire lokasjonar vurdert og forkasta før ein endeleg lenda i Sævarhagen.
Sjølv om Rommetveit Båtlag i 2018 har 50 års jubileum så var det fyrst i 1989 etter 20 år med god og detaljert planlegging hamna vart ferdig og opna. Dette vitnar om stor vilje, stort pågangsmot og sterk uthald frå dei som deltok i realiseringa av hamna me har i dag.
Eg vil retta ei kjempe stor takk til alle dei som gjennom åra har teke del i arbeidet med realisering av hamna, dette gjeld enkeltpersonar, firma og offentlege styresmakter. Eg vil og retta ei stor takk til alle dei som har delteke i vidare utvikling av hamna frå den var ferdig i 1989 og fram til slik hamna står fram i dag. Det ligg tusenvis av dugnadstimar til grunn for at Rommetveit Båtlag i dag er eit veldrive båtlag og ei god hamn for alle medlemane, tusen takk til dykk alle for innsatsen. Gratulera med 50 års jubileet for stiftinga av Rommetveit Båtlag og hugs at i 2019 har hamna 30 års jubileum i Sævarhagsvikjo.

 

Fasiliteter