Rein Sognefjord - Framtidshavet
Osvald Lykkebø, 2. September 2025

For å lese meir; gå til: https://www.framtidshavet.no/reinsognefjord
Gjer ein forskjell. Gjer det for framtida. Gjer det for kjærleiken til fjorden. Kva skal du 4. september?
Vi håpar svaret er: Eg skal ut og rydde fjorden!
Rein Sognefjord?
Kva: Ein strandryddedugnad der vi ryddar så mykje marin forsøpling vi kan på éin dag
Kvar: På land og langs heile kysten av Sognefjorden
Når: Torsdag 4. september 2025 – dugnadsdagen
Kven: For alle som bur rundt Sognefjorden eller som vil ta turen for å delta på ryddedugnaden
Stiftinga Framtidshavet syter for at det blir sett ut containerar følgjande stader i Sogndal kommune:
Damskipskaien i SogndalFerjekaien i FjærlandHolmen i BalestrandSaften på Leikanger
???? Les meir og meld deg på her: Rein Sognefjord — Framtidshavet
Spre bodskapen, ta med familie, vener, kollegaer – og bli med å skrive vidare på historia om ein reinare, vakrare Sognefjord.
Ryddelag og hygge
I tillegg til ryddinga, er det viktig med kos, hygge og sosialt samvær rundt dugnaden.
Framtidshavet har sett av midlar til at registrerte ryddelag skal få dekkja utlegg som går til mat og drikke til sjølve dugnaden. Slik at dersom eit ryddelag har lyst til å bestille pizza, grille, ha kakao og liknande så er dette mogeleg.
For å få dekkja utgifter til mat og drikke på dugnadsdagen, må ein ryddeleiar organisera og ta ansvar for at sitt ryddelag vert registrert. Ynskjer du å bli ein ryddeleiar for ditt lag/organisasjon/frivillige kan du gjere det her Form
Til den som melder seg som lokal ryddeleiar: Roller og oppgaver — Framtidshavet
De finn og informasjon på heimesida til kommunen https://www.sogndal.kommune.no/bli-med-paa-ryddedugnaden-for-ein-rein-sognefjord-4-september-gjer-vi-det-igjen.6726191-491787.html
Venleg helsing
Marianne Ovrid
miljørådgjevar
Tlf. 905 08 729 / 57 65 25 00
www.sogndal.kommune.no