Om hamna

location_529

Båthamna vår er verna av ein molo mot fjorden. Hamna har to flytebrygger med til saman 88 båtplassar for småbåtar. Båtplassane har storleikar på 2, 3, 4 og 4,5 m bredde. Bryggene i betong har me støypt sjølve på dugnad. Det er elles lagt ut straum og vatn på begge bryggene, i tillegg til på dieselbrygga. Me har i tillegg slipp for sjø- og landsetjing av båtar på hengar. Ved sida av slippen er det fast brygge. Båtar utan hengar må løftast med mobilkran. Barsnesfjorden frys ofte til om vinteren og båtane må i vinteropplag på land. Det er oppstillingsplass i båthamna til nesten alle medlemane sine båtar. I sommarhalvåret er det god plass til parkering av bilar for medlemane som nyter båtlivet.

Båtlaget har eige klubbhus, lagerbygg med verkstad, bu med drivstofftank (diesel) og ei mindre bu for diverse utstyr. Alt dette er sett opp og blir vedlikehalde med god dugnadsinnsats frå medlemane.

Fasiliteter