Velkomen

Sogndal Båtlag har som viktigaste føremål å fremje og ta vare på medlemane sine interesser når det gjeld bruk av småbåtar. Laget vart skipa 4. mars 1976 og baserer drifta først og fremst på dugnad og friviljug innsats frå medlemmene. Laget har sjølveigd båthamn og klubbhus på Skrivarholmen mellom Loftesnes og Barsnes, eit lite stykke innover langs Barsnesfjorden i Sogndal kommune.

Meir om båtlaget

Sogndal Båtlag har sidan 18. mai 2018 vore medlem i Kongelig Norsk Båtforbund. Det er fleire fordelar med eit slikt medlemskap, men den viktigaste er kanskje at det gav oss høve til å teikne gunstige forsikringsavtalar i Norske Sjø forsikringsordning. Forsikringa dekker bl.a. klubbhus, inventar, flytebrygger, slipp, kraner, lagerbygningar, miljøbygg og driftsmidlar og blir forvalta av forsikringsselskapet Tryg, som vart den nye forsikringspartnaren til KNBF i 2020.

Grasrotandelen

Sogndal Båtlag er registrert som mottakar av midlar frå Grasrotandelen til Norsk Tipping. Medlemmar som er kundar hos Norsk Tipping og ynskjer å gje fem prosent av innsatsen til båtlaget, kan anten gje beskjed om det når dei spelar, eller velje «Finn din mottaker her» på heimesida til Norsk Tipping (bruk lenka ovanfor), søke fram Sogndal Båtlag og velje Tilknytt.

Sjå elles statistikk over opptente grasrotmidlar og talet på spelarar som for tida støttar  Sogndal Båtlag.