Status nye utriggarar
Marcus Andre Riiber, 25. March 2026

Det har vore mykje aktivitet i båthamna dei siste vekene i forbindelse med montering av festemateriell og utriggarar. Upåklageleg stemning og innstas frå dei frammøtte! Oddetalssida på Alfabryggja nærmar seg ferdig. Me ventar på ein restleveranse frå Vik Ørsta før me kan forsette på partalsida. På Bravo står det att noko lite arbeid før me er klar til montering. Me vil senda ut innkalling til større dugnadsøkter. Me tek sikte på første helga etter påske avhengig av tilgang på kran.
Ellers vil me ynskja alle båtlagsmedlem ei god påske!

